Det du treng fins truleg i skåp og skuffer allereie:

Merk opp rutenett på dukmaterialet: ei rute =1/3 av pinnelengd (A på fig.1 )

Legg pinnane på det utskorne materialet og teip fast som vist. (fig. 2)

Lag to bitar av fyrstikker, som passar breidda på teipen. Legg fyrstikka inni som vist på bildet.

Lag hol innanfor fyrstikka, træ snøre gjennom og fest omkring fyrstikka (sjå bilde)

Knyt deretter saman snøret i ei løkke, fest dragesnøret her.

Spring uti vinden og prøv ut!

Det kan vera lurt å feste nokre tynne plaststrimler på nedste del av pinnane, som "styrefjør".

FAKTA:

Drageflyging har ei historie på i allefall 2000 år. Kinesarane hadde tru på ordentlege dragar, og såg på desse som lykkebringande dyr. Dei var fyrst ute, sidan spreidde drageflyging seg vidare til Korea og Japan, og vidare ikring. Fyrste skriftlege kjelder i Europa er frå 1400-talet, men også romerske soldatar skal ha brukt drageliknande vindpølser cirka år 200.

I Europa var drageflyging kjend på 1700-talet, og ikkje berre til leik. Dragar var nytta til ulike formål, mellom anna til vitskaplege eksperiment. (Kjelde: Norsk Luftfartsmuseum)

Ta utgangspunkt i lengda på pinnen; A= ein tredel av pinnelengda. Foto: Lokalavisa Vigga
Fest pinnane med teip som vist på biletet. Foto: Lokalavisa Vigga
slik lagar du feste for snøret: ei halv fyrstikk på teipen før du brettar han over, set eit hol inntil fyrstikka og festar snøret gjennom holet og rundt fyrstikka. Foto: Lokalavisa Vigga
Dragen er klar til testing,med eit snøre av fiskesnøre eller tynn bomullstråd. Lykke til! Foto: Lokalavisa Vigga