NSB har av økonomiske årsaker ikkje seld billettar på hele strekninga Oslo-Trondheim i helga 16.-17. august.

Dei kommersielle toga til NSB, rutene mellom Oslo og Trondheim, blir ikkje erstatta med buss under stenginga. Eitt tog går laurdag; då vil Intercitytoget gå med buss for tog mellom Dombås og Oslo S..

Toga på Dovrebana blir køyrd som normalt mellom Trondheim - Dombås og Dombås - Åndalsnes, men uten alternativ transport vidare mellom Dombås og Oslo.

- Vi opplever at kundane vel andre skyssalternativ når det er buss for tog på så lange strekningar. Sidan det blir ekstra kostnadar og  vi ikkje er forplikta til å køyre desse toga, vel vi dei bort når bana er stengt, forklarar marknadssjef på Dovre- og Raumabanen, Terje Fossum.

Det er Intercity-toga NSB er forplikta til å køyre, fordi dei får direkte statsstøtte. Det er desse det blir buss i staden for i helga.

Fossum peikar på at det tek tid å rette opp skader etter flaumen i 2013, då bana vart skadd på over 200 punkt.