Slettøya stadion var ein sur og kald plass denne kvelden, men til trass for det, var det eindel publikum.

Heile fyrste omgangen gjekk mållaus, og laga spela temmeleg jamnt.  Det var fyrst i andre omgang at Dombås tok styringa.

- Det var ein tett kamp, der Heidal kjem godt i gang og stressar oss mykje, seier trenar Kjetil Fiva Evensen.

Han meiner likevel dei får opp farten, og vinn duellar, og gjer ein bra andreomgang.

Med hjelp av ein corner frå Stian Ovrum, var det Andreas Holum som heada i mål inn det einaste målet.

Trenar Kjetil Fiva Evensen er glad for revansje frå kampen dei tapte mot Heidal i fjor. Han meiner sesongoppkøyringa har hatt vekslande kvalitet, men ser fram til å prøve laget mot Faaberg på Snipen neste laurdag.

Det er utruleg mange lag å følge med på, i Lesja og Dovre. Vi er avhengig av hjelpa di, for å få resultat og målscorarar frå alle kampane!

Er du trenar eller lagleiar, eller forelder? Send oss gjerne informasjon om kampar på post@vigga.no, sms til 47 61 91 45, eller som ei melding på Vigga si facebookside. Kanskje er det nokre artige situasjonar frå kampen som er verdt å få med og?