Det er ikkje mangel på morosame lesjingar. 17 sceneglade ungdommar har sjølve skrive alle tekstene og øvd sidan i haust. No er det klappa og klart for å ta i mot publikum på Friheim. Mange av dei er med for første gong,

-Vi må tørre å dumme oss ut litt, seier gjengen.

«Um att» handlar om nettopp det, ting som skjer fleire gonger, seier dei kryptisk. Lærarane på skulen på Lesja, folk på Facebook og det lokale publivet vil vere å oppleve frå scena. Ellers vil dei ikkje avsløre så mykje, men håpar folk møter mannsterke opp for å få med seg forstillingane både onsdag og fredag denne veka. Fredag er det også ungdomsklubb etter forestillinga.

Sjølvsikkerheit og pizza

Sjølvsikkerheit og tryggheit er ein viktig bonus dei tek med seg. Ein seier også på spøk at han er med for å få pizza og tur på badeland.

- Det er noko å glede seg til, og det er både lærerikt og sosialt,seier dei.

Espen Tynnøl er ein av instruktørane, og ikkje minst initiativtakarane. Dei beste skussmål kjem frå ungdommane på scena til instruktøren.

- Han er både inspirerande, kreativ og artig. Og han er flink til å lære oss forskjellige ting.

To 9.klassingar er leigd inn for å ta seg av lyd-og lys for gjengen frå 7. til 9. klasse på Lesja.

Tynnøl fortel at dei denne gongen har forsøkt med ei skrivehelg, der dei var over eit døgn på Friheim. Det var ei suksessoppskrift. Alle tekstane vart ferdig den helga. Og etter å ha blitt knadd og bearbeiding på scena er det klart for knaing av publikums lattermusklar.

Ola Tronn Utgaard og Marius Hareland har ansvar for lys og lyd. Foto: Lokalavisa Vigga