- Vi var der straks etter halv ti, fortel Hans Kjetil Moen frå Dombås bil, som sto for berginga.

Sterk vind og glatt føre

Moen fortel om så sterk vind, at det omtrent ikkje var råd å stå på føtene innimellom. Vegen var sperra i eine køyrefeltet, og var til hinder for trafikken. Vegen vart stengt periodevis eit par timar medan berginga pågjekk. Skadene på tankbilen var temmeleg store på både bil og hengar, så denne  fekk tur til verkstad på Otta i løpet av natta.

- Politiet var ikkje på staden i det heile, fortel Arne Granlund på Lesja og Dovre lensmannskontor.

- Patrulja på vakt var på Otta, og det vart vurdert dit at berginga kom til å vera ferdig før patrulja kom til staden, og dei vart såleis ikkje utkalla, fortel dei på operasjonssentralen på Lillehammer.