Sola skein både ute og inne for Nord- Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter(NGLMS) på Otta her om dagen.

Oppland Psoriasisforening kom nemleg med eit nytt lyskabinett i gåve til senteret.

GURO VOLLEN

Spesialisttenesta med hudlege er på plass, og no kjem det også eit nytt lyskabinett. Det vil gje betre utnytting av kapasiteten.

- Då vi planla Lokalmedisinsk senter var det viktig å få til egna lokale til lysbehandlinga. Vi er avhengig av økonomi i behandlinga, difor er det bygd tre rom til lysbehandling, for fleire behandlingar på ein gong, seier medisinfagleg ansvarleg ved LMS, Inge Johansen.

Lillehammer ikkje aktuelt

Med ny hudlegehjemmel på Lillehammer og nytt lyskabinett kan no psoriasispasientar sleppe å reise til Lillehammer for lysbehandling og undersøkingar.

To rom er allereie i bruk med det utstyret som fanst frå før, med det siste kan ein behandle fleire på ein gong.

- For pasientar i Nord-Gudbrandsdalen er det å reise til Lillehammer tre gonger i veka ikkje eit alternativ, seier Johansen.

Solfrid Sjøberg frå Sjoa er kontaktperson for Oppland Psoriasisforening i Nord-Gudbrandsdalen, og seier seg samd i det.

- Det er veldig godt å få det nærme, det var ikkje aktuelt å reise til Lillehammer for behandling. Det er eit kjempeløft for oss med nytt kabinett, ein kan halde psoriasis i sjakk med tre behandlingar i veka, seier  ho. Ho understrekar også kor viktige LMS-medarbeidarane Tone Haugen og Magny Steinehaugen er, og gjev dei all honnør for ein god jobb. Dei styrer behandlingane mellom besøka til hudlege Florian Gatty ein gong i månaden.

Pause på tre år

Gatty fortel at ein no er godt i gang.

- Lysbehandlingane er godt i gang, mykje takka vere kollegene her, Inge(Johansen) og Jan(Nizialek), og kontordamene(Tone Haugen og Magny Steinehaugen), som gjer ein god jobb, seier han.

Lysbehandlingane starta opp på Otta i 2000, og før NGLMS sto ferdig hadde behandling av pasientar vore nedlagt i tre år, på grunn av mangel på kapasitet hjå hudlege.

- Med lysbehandling slepp ein kortison og andre medikament med uønskte sideverknader, eller dyrare biologiske behandlingar, fortel Hudlege Florian Gatty.

Det er omkring tredve personar som jamnleg har slik behandling på Otta.

Foto: Lokalavisa Vigga