- Det hadde vore for gale å bryte tradisjonen, det hadde vore dumt om det vart ein ny tradisjon at det ikkje er julegateopning, seier Berit Haugen, som meiner det er 20. året i år at dette blir arrangert på Dombås.

Positive næringsdrivande

Sjølv har ho vore med på arrangørsida fleire år, gjennom arbeid på turistkontoret tidlegare.

- Det kjem til å bli det tradisjonelle arrangementet som det alltid har vore, med nissetog, tenning av julegrana, tale frå ordføraren, samt gløgg og peparkaker etterpå, seier ho.

Dei siste åra har arrangementet vore arrangert av Dovre næringsforening, men dei har ikkje sett i gang noko i år.

- Men du må få med at næringslivet ha vore svært velviljuge no, det mangla berre nokon til å gjennomføre arrangementet, seier ho.

Då Harald Berg, leiar i Dombås musikkforening, fekk høyre at det ikkje kom til å bli sett opp tre på den vanlege plassen utanfor kyrkja, tok han kontakt med kommunen. Kunne musikkforeninga ordne det? Det var greit, og ordføraren lova å bidra med kostnaden for transporten. Joramo bygdeallmenning ved Narve Tveiten held tre, Jo Holum transport saman med Svein Ulen, Hans Lien og Harald Berg frå musikkforeninga fekk sett det opp. Dermed er alt klart til sundag.

Fleire arrangement

Også andre stader i Dovre og Lesja blir det arrangert førjusmarkeringar. På Dovre er det julegateopning fredag, på Lesja og i Bjorli sentrum blir det juletretenning laurdag, medan Dovreskogen har arrangement sundag. Vetlegrenda på Bjorli hadde julegateopning i helga som var.

Skal du på julegrantenning i helga? Send oss bilete på post@vigga.no,

MMS til 47 61 91 45, eller bruk #viggalokalavis på Instagram.