Det betyr ei ny opning for meir enn eittårig skuletilbod i regi av fylkeskommunen på Dombås.

Saka var fyrst oppe i Fylkesutvalet i august, men vart sendt vidare til komitehandsaming før det kom att til utvalet denne veka.

Semje om landsline

Det var ønskje frå opposisjonen (H, V, Frp) om å støtte søknaden om privat vidaregåande skule.

Med den føresetnaden at skulen får eit tilbod og ein profil som vil trekkje til seg elevar både nasjonalt og internasjonalt.

Posisjonen(Ap, Sp, Sv, Krf) meiner fylkeskommunen er den beste aktøren til å sørge for eit heilskapleg og godt tilbod i heile Nord-Gudbrandsdalen, og foreslo å sjå på moglegheita for å etablere ei landsline for skiskyting, som ein del av mandat om dimensjonering av utdanning for arbeids- og næringslivets behov.

Har sett engasjementet

Ivar Odnes(Sp) seier fylkespolitikarane har merka seg engasjementet lokalt i saka.

- Vi meiner at fylket må vera skuleeiggar her, for å kunne ta i vare totaltilbodet for elevane, men vi seier heller ikkje nei til alt, og vil sjå på moglegheitene til ei slik landsline, seier han.

Det er med vedtaket i går, allereie gjeve som tilleggsmandat til kompetanse og opplæringskomiteen, i arbeidet deira med å sjå på totaltilbodet for vidaregåande opplæring i Nord-Gudbrandsdalen, fortel Odnes.

- Og det er sikkert at det då blir på Dombås?

- Ja, det er jo på Dombås anlegga ligg. Eg meiner dette er ei utstrekt hand, og frå eit samrøystes utval, som også meiner det kan gå an å trekkje vekslar på nabofylke, med tanke på elevtilfang, seier han.

Han ser også for at landslina i badminton på Otta kan ha kompetanse, og gje gode synergiar til arbeidet. Han er også klar på at eit slik løp må vera treårig.

Søknaden om eit privat gymnas, er eit resultat av førre runde om skulestrukturen, der fylkestinget i desember i fjor vedtok å opprette kun eittårige tilbod på Dombås, i studiespesialisering og to yrkesfag. Det har vore dårleg motteke i Lesja og Dovre, og det har difor parallelt vore jobba med eit privat treårig tilbod.