Eit realt vakuum i marknaden, gjer at bedrifta må permittere ytterlegare fem tilsette, i tillegg til dei tre som har vore i permisjon frå påske. Dei fem skal framleis jobbe 50 prosent, på ubestemt tid.

Hotellinnsalg sviktar

- Det er heilt umogleg å seie om, eller når, det snur, seier Dalseth.

Rundtom Møbelfabrikk AS har levert hotellinnreiingar over heile landet i ei årrekkje, og har hatt dette som hovudmarknad. No freistar dei å finne andre marknader, noko som tek tid.

- Er det ikkje bygd hotell i Norge for tida?

- Jau, det er mellom anna to store hotell under bygging på Helsfyr i Oslo, men her sit til og med prosjektleiinga for innreiing utanlands, og dei norske grossistane vi er avhengige av som mellomledd, er ute, fortel Dalseth.

Italienske møbler lokalt

- Også lokalt er det hotellbygging?

- Vi hadde håp om å få levere til Dombås Hotel si nybygging, og signala i etterkant har vore at prisane våre var ok, likevel vel ein italienske leverandørar, seier Dalseth.

Han seier eit slik oppdrag ville berga ein trevekers produksjon.

Han understrekar at dei har lojale lokale kunder, mellom anna har dei levert eindel på Lesja skule, til naturfagrom og skulekjøkken.

- Vi set pris på å få rekne pris på lokale prosjekt, seier han.

Kan levere

Likevel er det gjennom entreprenørar og grossistar i bransja at dei får dei store oppdraga. I toppåra 2007-2008 opplevde dei å nærast få alt dei gav tilbod om, og Dalseth meiner det viser at dei er konkurransedyktige.

- Vi har synt at vi greier å tene pengar, vi er effektive og har moderne lokale og utstyr, og er leveringsdyktige på tid - det er viktig for kundane. Dessutan får vi gode attendemeldingar frå kundane, vi har praktisk tala null reklamasjon, seier han.

Han meiner produksjonsbedriftene i innlandet jamt over slit, som følgje av eit enormt prispress dei seinare åra. I møbelindustrien møter dei særleg konkurranse frå Baltikum og Austeuropa.

- Dei største grossistane i marknaden har fløtt alt til lågkostland. Vi har lojale grossistar også, men opplever at dei taper i konkurransen.

Må på nye marknader

Dei har no etablert kontakt med eindel nye grossistar, som leverer innanfor litt andre marknader. Institusjonar, sjukehus, barnehagar, skular - det vil opne for andre typar ordrar.

Vi har ikkje greidd å erstatte den reduksjonen som har vore i hotellmarknaden, med andre ordrar, seier han.

Von om napp i større prosjekt

Andre ordrar dei har forhåpningar om å få, ligg fram i tid

- Vi har forhåpningar om oppdrag på den nye storsjukehuset i Østfold, men det vil ikkje vera aktuelt før 2014, seier han.

Andre prosjekt er også på gang, men Dalseth føler at det er eit vakum akkurat no.

- Det er utfordrande tider, ikkje tvil om det, seier han.

Han har ikkje tru på oppskrifta til den nye regjeringa.

- Kutt i formuesskatt og den type innspel, har ingenting med saka å gjera, seier Dalseth.

Dalseth meiner dei to viktigaste faktorane er infrastruktur, som ei kjempeutfordring, og kva som skjer med den differensierte arbeidsgjevaravgifta, som er til vurdering hjå ESA (EFTAs overvåkingsorgan).

Tillitsvald og styremedlem for dei tilsette, Ståle Myhren, ser at dei må ta grep.

- Det er ikkje gildt det, men vi ser det må til. Det har vore stilt lite for lenge, seier han.

Han legg til at hotellmarknaden har vore nærast daud, og at dei no må gå mot andre marknader.

Dombås Hotel: Ikkje berre pris

Prosjektleiar for nye Dombås Hotel, Per Helge Kristiansen, seier det er fleire faktorar enn pris som spelar inn.

- Vi har vald ein totalleverandør som står for administrasjon, prosjektering, levering og montering av all innredning på romma, der platemøbler, som dei Rundtom produserer, utgjer cirka en tredjedel av kostnaden. Han legg til at ein annan norsk totalleverandør kom dyrare ut.

- Om Rundtom kan kome inn som leverandør på noko av den resterande leveransane vil vi no vurderere nærare, seier Kristiansen.

Tillitsvald og styremedlem Ståle Myhren har forståing for permitteringsbehovet. - Det har vore stilt lenge, seier han. Foto: Lokalavisa Vigga