Forslag fra AP, SP, SV og KRF:

Tilrådde ikkje Dombås

Fylkesrådmannen tilrådde ikkje ei løysing med tre år på Dombås.

No må han likevel utgreie både eitt- og treårig løp, for frå hausten 2015 skal vidaregåande-elevar starte på Dombås, i samlokalisering med ungdomsskulen.

Dovre og Lesja kommune har i sitt notat til Fylkestinget  lagt til grunn at det blir framhald på Hjerleid fram til og med skuleåret 2014-2015, grunnen til det er fyrst og fremst at ein då er forbi ein elevtalstopp, og får frigjeve klasserom. Slik blir det no.

I tillegg til  framhald med studiespesialisering, som er det tilbodet som frå hausten er att på Hjerleid, seier vedtaket  i dag at ein skal utgreie ein vekslingsmodell for yrkesfag. Vekslingsmodellen gjer at elevar kan teikne lærlingkontrakt fyrste året på vidaregåande, og vekslar mellom praksis og teori i samlingar. Dette vil gjelde helse og byggfag.

I tillegg vil ei samlokalisering opne for den såkalla 8-13-modellen.

- Denne modellen er ein vesentleg faktor, og ikkje ei reserveløysing, seier Fasteraune.

Han meiner Dombås skal utviklast til eit godt og stabilt tilbod, ikkje som ei midlertidig løysing.