Tine gjev opp formosten – Heidal Ysteri kan få att produksjonen frå Ørsta.

Tine legg ned produksjonen av formost - og ringen er slutta. Og Heidal Ysteri er lova dei leveransene dei no får frå Lom, sjøl om ysteriet der skulle bli lagt ned.

Heidal Ysteri vart tilskipa i 1999, etter at produksjonen av Tine sin Gudbrandsdalsost og Formost vart lagt ned i 1995. Formostproduksjonen vart flytt til Folldal, og sidan til Ørsta. No legg Tine ned heile formostproduksjonen. Heidal Ysteri har fått tilbod om å ta over produksjonsutstyret som i si tid vart fløtt frå Heidal, og skal til Ørsta for å sjå på det.

Likevel slepper ikkje Hege Krukhaug og medarbeidarane jubelen heilt laus.

Avventar

- Tine lovar at dei skal oppfylle leveringsplikta si, og lovar oss same produkt til same pris, men det er forskjell på teori og praksis. Mellom anna har det vist seg vanskeleg for fraktselskapa å finne ei stabil rute når vi har prøvd å ta råvare frå anna meieri enn Lom, så det er mykje som står att før det er på plass alt. Sjøl om det er nokre positive signal for oss håpar vi i det lengste at Lom og Skjåk held fram, vi tapar på at dei blir lagt ned. Vi håpar at aksjonen som er sett i gang skal ha innverknad, seier Krukhaug.

Og spørsmålet om dei skal utvide må avvente.

- Vi kan bli einerådande på formost, så sant vi får til eit opplegg som funkar, anten vi held fram som no eller utvider. Tine er svært innstilte på å hjelpe oss, så det er positive signal. Vi håpar sjølsagt på framhald i leveransar frå Lom, og så får vi sjå om vi får ting til å fungere i praksis, seier ho.

Siste produksjon no

Frå Tine-meieriet i Ørsta, som har laga formosten sidan 2007 då Folldal vart nedlagt, stadfester meierisjef Bente Reklev at deira formostproduksjon skal leggast ned.

- Det er bestemt av Tine sentalt, som heile tida har ein gjennomgang av sortimentet og vurderer kva som skal vera med vidare. Det er ein del av totalkvantumet hjå oss, og det er aldri hyggeleg når noko fell ut. Det er spennande å sjå kva som skjer med brunostproduksjon i det heile, men det blir ein anna sak, seier ho.

Johan Farestveit, saksutgreiar og leiar av utvalet for brunostrapporten, stadfester at Tine har sin siste formostproduksjon nett no. Sjøl om avgjerda basert på brunostrapporten ikkje kjem før seinare i haust, ligg sesongproduktet formost litt utanfor den diskusjonen, i følgje Farestveit.

Ikkje innverknad for Lom og Skjåk

- Vi er heilt sikre på at vi er ferdige med den type formost, ja, seier han.

- Då meiner du produksjonsmetoden som er brukt? Har de planer om anna produksjon av formost?

- Den måten å laga på, ja. Vi har ikkje anna formostproduksjon i tankane no, nei, seier Farestveit, som stadfester at sesongproduktet Formost blir for lite for Tine, med sine 15 tonn i året.

- Kan det ha innverknad på om Lom og Skjåk meieri blir oppretthalde om dei får såpass større leveranse av konsentrat til Heidal Ysteri?

- Nei, eg trur ikkje det. Det blir eit lite tillegg for dei, sjøl om det er betydeleg for Heidal Ysteri, seier han

- Så då er ringen slutta, om produksjonsutstyret kjem til bake til Heidal?

- Det får vi sjå på, det blir opp til dei i Heidal med det, avsluttar han.

Bilettekst(bilde Hege Krukhaug arkiv): - Om vi får til leveranser, og helst frå Lom og Skjåk, er det positive signal for oss, sier dagleg leiar i Heidal Ysteri, Hege Krukhaug, om at Tine sluttar med formost og med det opnar ei moglegheit.