Ordførar i Lesja kommune, Steinar Tronhus, har tidligare hatt stort håp om at Lesja skulle få huse knutepunktet med tilhøyrande nasjonalparkforvaltar. Då det nye nasjonalparkstyret vart konstituert i februar i år, gjekk fleirtalet inn for lokalisering på Lesja.

- Styrke fagmiljø

– Dette betyr fyrst og fremst ei styrking av det faglege miljøet på Norsk Fjellmuseum, seier dagleg leiar Mai Bakken til avisa Fjuken.

Norsk Fjellmuseum er nå forvaltningsknutepunkt for både Jotunheimen og Reinheimen nasjonalpark, i tillegg til å vera autorisert nasjonalparksenter for båe desse parkane. Fleirtalet i nasjonalparkstyret gjekk inn for Lesja, men Miljødepartementet ville det annleis.

- Mistillit til styret

Steinar Tronhus var svært overraska over vedtaket til Miljøverndepartementet.

- Eg er sterkt uenig i tildelinga. Slik eg ser det, er dette overkjøring av folkestyret. Lom var en sterk og god kandidat, som har godt faglig miljø og kompetanse, men Lesja skal bygge opp noko, seier Tronhus.

På grunn av avgjerda til departementet, har Tronhus fått tilbakemeldingar om medlemmar i nasjonalparkstyret som har vurdert å trekkje seg.

- Styret visste om for- og bakdelar ved både Lesja og Lom då avstemninga vart halde på konstituerande møte. Nokon har ymta at dei har vurdert å trekkje seg, men det er noko dei i så fall må tenkje nøye igjennom. Men ein kan stille spørsmål om det rett og slett er mistillit til styret, når avstemminga blir overkøyrd på denne måten, seier Tronhus.

- To av kriteria

Tronhus tek opp att dei tre hovudkriteria for forvaltingsknutepunktet; areal i nasjonalparken, beliggenheit og fagleg kunnskap.

- Lesja har to av kriteria, og det siste skal byggast opp på sikt, seier Tronhus.

Mai Bakken på Fjellmuseumet fortel til Fjuken at Direktoratet for naturforvaltning og Lom kommune i 2012 og 2013 løyvde midlar til utvikling av forvaltningsknutepunktet.

– No står kontorlokala klare og miljøet har fått ein moderne og funksjonell kontoravdeling ved denne tilrettelegginga. Vi håpar vi blir ein attraktiv arbeidsplass for aktuelle søkjarar, og er svært glade for at vi om litt kan ynskje forvaltaren av Reinheimen nasjonalpark velkomen, seier Bakken.

I følge Tronhus er søknadsfristen til nasjonalparkforvaltarstillinga utsatt frå Fylkesmannen.