Onsdag oppheva politiet ferdselsforbodet i området under fjellpartiet mannen i Rauma kommune. Dermed kan Raumabanen, som har vore stengt for persontrafikk i seks veker, opne att for togpassasjerane.

Bakgrunnen for vurderinga, er at fjellpartiet som sto i fare for å rase ut har stabilisert seg på eit lågare hastighetsnivå, heiter det på Rauma kommune sine heimesider.

Opphevinga av ferdselsforbodet omkring Lyngheim gjer også at familiane som har vore evakuerte, no kan flytte heim.

Raumabanen var stengt i 6 veker, og NSB sette opp buss for tog mellom Åndalsnes og Bjorli gjennom heile perioda. Marknadsansvarleg Terje Fossum i Raumabanen fortel at det fekk små konsekvensar for passasjerane.

- Det vart ingen forseinkingar på grunn av busskøyring på ein liten time. Stenginga har også vore i ein lågtrafikk-sesong. No har vi kome i gang att, slik at juletrafikken er berga, seier han.

Han seier dei kostnadsmessige konsekvensane for NSB er for tidlig å oppsummere enno.

- Men buss for åtte avgangar dagleg i seks veker blir det betydelege kostnader av, stadfester han.

Godstrafikken, som er drive av Cargolink AS, fekk starte opp att allereie 10. november.