Vi er spente i desse dagar. Ottamartnan har ikkje vore så mykje anna enn fort inn, køyre dei obligatoriske karusellane, sjå fort over utstillarbuene, fryse og fort ut att, dei siste åra.

Vi skal ikkje skulde ottamartnan for dårleg vêr, heller ikkje for ungar med hang til berg-og dalbane.

Men vi har sakna ein raud tråd, noko som er Ottamartnan og ikkje berre ei tilfeldig salsmesse.

Det er ikkje nok at ein kjenner martnasværet bit seg fast i skrotten, eller at ein treffer kjenningar med honning og spekepølse i handleposen.

Vi saknar kjensla av Ottamartnan i barndommen. Den gongen vi fekk fyrste dunjakka. Eller panikken ved å nesten gå glipp av martnan. Den gongen rakk vi akkurat, og kom heim med den perfekte opplevinga av martnan, med lydar, lukter og synsinntrykk. I tillegg også ein pose brente mandlar.

Problemet er vel berre at vi ikkje heilt kan setje fingeren på kva det er vi saknar. Alt var betre før, fordi minnet har lett for å bli litt pynta på.

Likevel trur vi at noko er på rett veg no. Å ta martnan heim til sentrum vil gjera det heile til eit felles lyft for Otta og regionen, og syne fram staden på ein heilt annan måte. Ingen vi har prata med har sagt dei vil sakne martnan i Øya. Fleire seier seg nyfikne på det som no er på gang.

Innandørs er det betre plass til folk i sentrum enn i hallane i Øya, og ein kan tåle litt betre vêret på asfalt enn i søle. Lukt og smakar har martnaskomiteen tenkt på, og dei seier kvalitet skal vera stikkord når dei no slepper laus den 114. Ottamartnan fredag. Om vêrgudane stiller på lag slik det er spådd, vil vi tru dugnadsanden held heilt fram til neste år og vel så det. Spenninga ligg i om det blir skapt gode martnasminne hjå fleirtalet av utstillarar og publikum.