Difor deler regjeringa ut pengar til å dekke utgifter til bustad og reise for helse- og sosialfagstudentar som får praksisplass langt unna campus.

– No deler vi ut 52 millionar kroner til stipend for helse- og sosialfagstudentar med praksis langt frå studiestaden. Dette er vinn-vinn for alle. Om lag 3500 studentar får støtte til ein praksisplass og mange distriktskommunar kan for første gang tilby praksisplassar. Vi veit at studentar som har vore i praksis i ein kommune, ofte tar jobb der etterpå også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Dei siste to åra har universiteta og høgskulane kunne søke om støtte for å ta i bruk praksisplassar i fleire kommunar. I fjor vart det fordelt 50 millionar kroner til bu- og reisestipend.

I revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvde regjeringa 20 millionar kroner til støtteordninga. I tillegg har regjeringa foreslått 31,9 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024.  Til saman vil regjeringa dele ut nær 52 millionar kroner til ti universitet og høgskular.

– Så langt har ordninga gitt gode resultat. 47 nye distriktskommunar har kunna tilby praksisplassar, og talet er venta å auke. Både tildelinga i fjor og den nye tildelinga når om lag 3500 studentar kvar gong. I 2024 betyr det støtte til 5916 veker i praksis, seier regjeringa i ei pressemelding.

Prioriterer dei minst sentrale kommunane

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer ordninga.

– Vi ser at ordninga er svært populær og vi hatt ei stor oversøking i år. Difor har vi diverre ikkje kunne prioritere praksisplassar som ligg nært sentrale campus, seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.

Nøkkelen for løyvingar er SSB sin sentralitetsindeks. Fordi det var søkt om meir pengar enn det var tilgjengelege midlar til, vart behovsmeldingar innan sentralitetsklasse seks, fem, og dels fire prioriterte.