- Heilt fantastisk, eg blir mållaus, sa rektor Åge Paulsrud da han delte ut roser til elevane.

Det var flott sang, dans og spel på scena, og dyktige lys og lydmenn. På Lesjaskog har ungdomsskulen musikla kvart tredje år, og som sist var det "Mamma Mia".

- Det er gjenbruk av både koreografi og manus, fortalte lærar Hilde Anne Bakken, som er blant lærarane som har vore instruktør for den driftige ungdomsgjengen som fekk fram latter og god applaus hjå publikum.