Det meinte alle skogingane som tok ordet under grendemøtet på Dovreskogen onsdag kveld.

For administrerande direktør i Coop Innlandet, Olav Rønningen, la ikkje skjul på at butikken kan bli avvikla frå årsskiftet.

Det var regionrådet i Coop Innlandet, Gudbrandsdalen, som hadde teke initiativet til det som skulle bli ein kveld med stort, men sakleg engasjement frå dei rundt 70 frammøtte.

- Vi kravde eit ope møte da vi fekk vite at vidare drift skulle vurderast, fortel Hans Rudiløkken som er lokal medlem av det nemnde rådet.

Tok sjølkritikk

Og grunnen til butikken si usikre framtid er at driftsresultatet har gått i feil retning. Sjølv om dei fleste skogingane har visst om den relativt marginale drifta, har dei likevel ikkje vore klar over at tala har vore ekstra raude dei to siste åra. Særleg var det eit sjokk at dei kan vere utan butikk frå nyttår av. Det vil seie to månader fram i tid, noko dei fleste meinte var kritikkverdig.

- Dette kom brått på. Informasjon om situasjonen burde ha kome mykje tidlegare. Difor bør vi få ein sjanse til å redde butikken vår. Men vi treng meir tid enn desse to månadene, sa Stian Brenden, éin av mange som tok ordet på Skogvang.

- Vi burde ha informert kundane våre etter det svake resultatet i 2010. Det må vi ta innover oss, sa Olav Rønningen.

Eit lite håp

Dugnadsanden på Dovreskogen står nå truleg overfor den største utfordringa nokon sinne.

-Dei som bur på Dovreskogen må vise svært tydeleg at dei ynskjer å behalde butikken. Men det krev ein særs stor innsats, sa styremedlem i Coop Innlandet, Bjørg Lekve, på tampen av møtet. Noko som kanskje gav ein viss grunn til å tru at det framleis er håp i det hengjande snøret.

-Vi må gjere som Bjørg seier, og det betyr at vi må vere mykje meir lojale mot butikken vår. Men vi treng tid til å tenkje oss om og leggje ein plan. Difor ber vi om at Coop ikkje legg ned frå nyttår av, men at dei gjev oss ein sjanse til å snu den leie trenden med raude tal, sa Asbjørn Moen mellom anna.

Stian Brenden var éin av mange som meinte at Coop burde ha informert om stoda mykje tidlegare. - Dette kom svært brått på. Difor bør vi få ein sjanse til å redde butikken før det bli teke ei endeleg avgjerd, sa Brenden mellom anna. Foto: Lokalavisa Vigga