Rikdommen i livet seier han er å jobbe.

Då John var liten gut, fann familien ut at han var plåga av tung migrene. Som treåring fekk han noko kobbarpynt av mor si som han kunne leike med. Dette kasta den lille guten over seg og fiksa det. Som åra gjekk og han vart sju år, fekk han to kobbarkjelar av mor si. Då såg han på gava som diplomen frå mor, på at dette var noko han skulle bruke livet sitt på.

- Dein einaste medisinen eg har funne mot migrene, er å jobbe. Min rikdom er å jobbe. Men familien har alltid vore prioritet nummer ein, seier John.

Frå der har det utvikla seg til å bli ei imponerande samling av alt mogleg. Akkurat kor mykje som finns på garden veit han ikkje, men talet er godt over fire-sifra. Kanskje også fem-sifra.

Container-John

John har budd i Oslo i mange år. Der har han blandt anna hatt eiga bedrift med import av elektroniske apparat. Han har også ei lang tilknytting til Fretex.

- Eg har mange kundar frå der. Det hendar eg kjøper ting frå der, som kan ha verdi for meg og arbeidet mitt, fortel han.

Han finn også gamle, fine ting som folk kastar i containarar der. Derav har han fått tilnavnet "Container-John".

Blestra Galleri

Nå har John funne vegen attende til Dombås og Blesterud Gård. Han tok over gården etter broren sin, Jens Angard, som omkom i ei flyulykke i Murudalen i Heidal rett før jul i 1980.

Garden har vore i familien sitt eige i alle år, heilt sidan gården vart bygd og drive som småbruk på 1700 -talet.

I år, nermare bestemt 30. juni, vart gården opna som Blestra Galleri. Her visar John fram alle sine objekt.

Det meste som er her har han samla inn og reparert i Oslo, og teke det med oppover til dalen. Han har fortsatt mykje att i Oslo som ikkje er kome hit enda.

Galleriet vart opna etter oppfordringar frå lokalbefolkning. John fekk mange henvendelsar om å vise det fram for publikum.

- Turistar byrja å stoppe oppe i vegen og ta bilete og spørja om garden, og etter at folk i bygda tykte eg skulle opne galleri, så vart det berre slik, fortel John.

Ein liten fargerik fugl er noko av det du kan finne hjå han. Foto: Lokalavisa Vigga
Tøydokke. Foto: Lokalavisa Vigga
I staden for ein vedstabel i tråppeoppgangen, har John ein kjevlestabel. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga