Fellinga var på oppdrag av Statens Naturoppsyn (SNO) og Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, og skjedde rett før klokka fem på morgonen måndag. Moskusen vart skildra som svært nærgåande.

Den felte moskusen blir no transportert ut, for slakting og prøver. Lokale restaurantar vil truleg få kjøtet frå dyret, som var ein okse.

Moskusen endte sine dagar rett nord for Dovregubbens hall, berre 150 meter frå E6. Dette opplyser Gudbrandsdal politikammer.