- Det er ikkje nokon plass som er betre å flytte eit renn til , enn Bjorli, det blir nesten som ein heimearena nummer to for Oppdal, seier han.

Sjølv er han på plass som trenar for det som heiter Lillehammer University Collegeteam.

- Eg er trenar for fire jenter som kjem frå ulike skigymnas, og som no går på høgskulen på Lillehammer. Vi ligg innunder skiforbundet, fortel han.

Ellers var det omlag 150 deltakarar i rennet på Bjorli laurdag. Deltakarar frå skigymnas og klubbar over heile landet, og også utanlandske deltakarar frå til saman 13 land.

Trafikken var også ellers upåklageleg i skianlegget, der Arne Ivar Lyngen kunne konstatera at FIS (Federation International de Ski)-rennet i regi av Oppdal Alpin er ein pluss både for skianlegget og resten av Bjorli.

- Blir det ekstra arbeid, også?

- Nei, det einaste vi har sørga for er å setje opp starthus og ha løypene preparert. Arrangøren fiksar sjølv sikkerheitsnett og set opp løype til rennet, seier han.

Det er i helga også russetreff for vel 400 avgangselevar frå skular i heile Møre og Romsdal fylke. Det sette også sitt preg på aktiviteten i skianlegget på Bjorli laurdag.