Sletten og Verket grendalag arrangerte sykkeledagen, og både velvaksne og svært unge verkingar stilte opp til start.

Undervegs var det lagt opp til både saging på tid, natursti-quiz og luftgeværskyting.

Så mange deltakarar vart det, at vedsaginga, som var fyrste post, fekk lang kø.

Ventande vaflar

Seinare i løypa var det både turstig og luftgeværskyting, før dei med lengst løype tok vegen om Tandsetra, medan dei andre snudde og tok vegen attende.

- Det er lagt opp slik at ein kan sykle samen, i alle fall til quizen, der det kan vera greit med litt hjelp, forklarar Heidi Vognild.

Felles målgang for alle var ved Solheim grendahus - der Torill Motterud og Elisabeth Sillibakken venta med kaker, kaffe, brus og vaflar til slitne syklistar.

Dessutan var det grillvarme utanfor, for dei som tok med seg noko til grillen på sykkelrunda.