Coop Marked-butikken som leigde lokala vart lagt ned i september i fjor, og det har ikkje lykkast grendelaget å få nye leigetakarar. No blir butikklokala lagt ut for sal.

Avviklingsstyre

- Vi vonar sjølvagt det er interesse for bygget, det er veldig gode lokale, seier Martin Leren, nyvald medlem av avviklingsstyret i grendesenteret.

Han har ikkje tru på butikketableing, det toget er gått.

- Nei, folketalet går ned, og folk handlar i større senter, konstaterer han.

Leren stadfestar at det er gjeld på huset, men har ikkje tal. Dessutan skal ein salssum også dekkje innskot frå dei omlag 90 medlemmane av grendesenteret.

Dovreskogen grendesenter vart i si tid stifta for å berge butikken, ved å kjøpe lokala og leige vidare til Coop.