Vigga er minst av avisene  i Gudbrandsdalen, men kjem best ut når opplagstala for 2012 kom på bordet i dag. Ein nedgang på 18 abonnentar er bra, i ei tid der papiravisene ellers slit med å halde på lesarane.

- Det er gledeleg, og rett veg i høve til fjoråret,  seier redaktør Guro Vollen.

Opplaget for 2012 vart  2265, medan Vigga  i  2011 mista 138 abonnentar.

Lokalavisene Fjuken, Dølen og Norddalen går også ned, med høvesvis -42, -134 og -152. Regionavisa GD har -566 som resultat frå 2012.

Tal frå Mediebedriftenes Landsforbund og Landslaget for lokalaviser syner at det er lokalavisene som held seg best i opplagstal. Fådagarsavisene har ein nedgang på 2,5 prosent, medan dagsavisene har eit tap på 4,3 prosent.

– I ei tid der papiropplaget til avisene går nedover i store delar av verda, er det imponerende at norske lokalaviser sitt opplag held seg så stabilt som det gjer. At lokalavisene på papir framleis står seg svært godt, skuldast at avisene våre er truverdige og at dei skriv om saker som folk tykkjer er relevante i kvardagen. Å koma ut på papir få dagar i veka er kanskje akkurat passe i ei tid der medietilbodet aukar på digitale plattformer, sier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.