Reguleringsplan for området blir no utarbeidd med ei dagløysing frå Kringen til krysset E6/riksveg 15, og utan alternativ plan med tunell.

Ikkje tunell likevel

Sel kommunestyre stilte tidlegare i prosessen med reguleringsplan for ny E6 som krav at det samstundes vart utgreidd eit alternativ med tunell. No går kommunestyret bort frå det, men kjem med nytt krav til vegvesenet om å leggje inn i totalløysinga ei bru over til Øya frå Ulvolden.

– Den førre dagløysinga var brutal, og ville gje store inngrep og mykje støyplager. Sidan vi gjekk inn for ei utgreeing av tunellalternativ har det vore ein uformell prosess heile vegen, mellom anna med botsforseminaret. No vil vi sjå meire tekniske planer og få inn brua til Øya, som vi meiner vil avlaste E6 og riksveg 15.Vi er på ingen måte i mål så vi må ha fullt trykk framover, seier ordførar Dag Erik Pryhn under kommunestyremøtet måndag.

Framtidsretta?

Fleire av representantane i kommunestyret uttrykte uro over at innkomsten til Otta kunne bli ein flaskehals på E6. Det var også uro over kor framtidsretta utbygginga slik ho vart presentert er.

- Det er oppgåva til politikarane å skape levelege butilhøve på Otta, vi må ikkje få eit nytt Kvam, seier Erling Luseter, og sikta til langtransporten gjennom Otta over høgbrua. Han etterlyste tidsperspektiv på ei løysing med kryss til riksveg 15 sør for Otta.

Det var likevel eit samrøystes kommunestyre som gjekk for innstillinga i fem punkt frå formannskapet.

Utan lokalveg og midtdelar

Det er reguleringsplaner for E6 frå Bredevangen til Otta som no skal utarbeidast av Statens vegvesen (SVV). Frå Bredevangen til Solhjem skisserer dei moglegheiter for to løysingar, den eine skal gå nærare Lågen, medan den andre følgjer dagens trase i større grad. Frå Solhjem skisserer SVV ein nedgradert E6. Den skal også fungere som lokalveg, og ha lågare fartsgrense. Midtdelar blir det berre delar av strekket. Midtrabattar og ”gatepreg” skal vera med på å avgrense farten. I krysset mellom Riksveg15 og E6 blir det ei stor rundkjøring.

Dei fyrste dagskissene som var presentert for kommunestyret i 2010 hadde både midtdelar, gangveg og lokalveg parallellt med E6. Det var då kravet om tunnellutgreiing vart sett fram.

Øyvind Moshagen og Thomas Moen frå SVV presenterte måndag ei dagløysing som dei forsikrar er både tryggare, betre for lokalmiljøet med omsyn til støy og inngrep. Det vil og bli færre innløysingar av bustader.

I sum gjev denne løysinga mindre utbyggingskostnader, men vil ta i vare moglegheitene til andre langsiktige løysingar, i følgje SVV. Konsekvensane på minussida er lågare framkomst på E6 og ingen lokalveg frå Solhjem til Otta.

SVV skal etter planen ha framlegg til reguleringsplaner ferdige til sommaren.