Laurdag skulle eigentleg dei tre jentene gå renn på Tynset/Savalen, men det vart avlyst grunna kulde. Då meldte dei seg på til Trondhjemsrennet på Saupstad Skisenter i staden. Det angra dei nok ikkje på.

Juni og Veronica gjekk sprinten i klassa J-13. Her går løparane totalt tre kilometer med to liggande skytingar. Tidvis tett snøvêr gjorde at mange hadde problem på standplass.

Juni hadde stor fart i sporet, og gjekk inn til siger, trass tre strafferunder på kvar av dei to skytingane. Veronica fekk totalt tre strafferunder og plasserte seg på ein flott andreplass, 36 sekund bak Juni. I denne klassa var det 19 jenter som starta.

Maja deltok i klassa J-15. Dei gjekk fem kilometer. Likeeins som systra Juni gjekk det fort i sporet, men også Maja pådrog seg seks strafferunder. Ho endte til slutt på ein fin femteplass.