Dovre kommune har allereie vore i kontakt med næringsmeklaren som på vegne av ein landsdekkjande aktør, er på utkik etter næringsareal i Dombås/Lesja.

Kven aktøren er vil ikkje korkje kommunen eller meklaren ut med, men meklaren seier at dei har ute følarar fleire liknande stader i landet.

Annonsa som står i Vigga denne veka spesifiserer behova til ein landsdekkjande aktør innan plasskrevjande handel.

Næringsområde

Plan- og utviklingssjef Inge Angård i Dovre kommune seier dei har motteke e-post frå meklaren, som dei allereie har svara på.

- Vi er kjent med aktøren og har sendt vidare informasjon om moglegheitene i Dovre. Generelt kan eg seie i høve til slike interessentar, så har vi næringsområdet, der arealplana skal ha  slutthandsaming i kommunestyret i løpet av våren, seier Angård, og syner til Jora Industriområde.

Angård understrekar at Dovre kommune alltid inviterer til vidare dialog når nokon tek kontakt om næringseigedommar. Fleire slike kjem kvart år, i følge Angård.

Knutepunkt

Meklaren i Trondheim kan ikkje seie noko om korleis området her vil vera meir eller mindre attraktivt for aktøren.

- Om det eine området er meir interessant enn det andre kan eg ikkje seie på noverande tidspunkt, seier Håvard Stenberg i Dnb næringsmekling AS.

Det er trafikknutepunkt og etablert næringsområde som gjer Dombås/Lesja interessant for næringsaktøren. Det skal ikkje vera på grunn av lågare arbeidsgjevaravgift at dei ser mot området.

- Nei, det vil ikkje vera knytt særleg mange tilsette til verksemda, seier Stenberg.