London, Paris og New York har sine moteveker. Og Bjorli har sine motekveldar.
Og skal vi tru konferansieren ligg dei ikkje langt etter.
- Du treng ikkje reise til London og Paris når du kan kjøpe klede når vi har så mykje fint her på Bjorli, sa konferansier Laila Brøste.
I 12 år har Lesjaskog bygdekvinnelag arrangert motevisningar på Bjorli. Denne gongen var det Bjorli Hotel som tok i mot dei rundt 50 publikumarane. Tidlegare år har også butikkar frå andre stader vore med på oppvisningane. No er det berre butikkar frå Bjorli.
- Vi vil vise kva Bjorli har å tilby, og støtte opp om dei bedriftane som er her. Det er viktig at dei fortset. Vi vil støtte opp om bygda, sa Brøste til Vigga.
Mange på catwalken
Kjøremsgrenda musikkforening starta ballet og sette publikum i mai-stemning med flotte marsjar. Så var det dei flotte modellane sin tur til å syne seg fram. Etter visninga var det mat, og butikkane var åpne for dei som ynskjte å gjera ein handel.
- Det er fint med muligheten til å vise fram dei ein har, og at ein har klede for forskjellige aldersgrupper, sa Hildegunn Brøste, som synte fram klede frå sin butikk denne kvelden.