I Desember i fjor gjorde Fylkestinget vedtak om eittårig vidaregåandetilbod, samlokalisert med Dovre ungdomsskule. Det er ikkje bra nok, meiner dovre-og lesjapolitikarar, og har no skissert planer for treårig.

- Ein skal freiste å få fram ny sak til Fylkestinget i løpet av haustsesjonen, kunne Steinar Tronhus orientera kommunestyret på Lesja om førre veke.

Friskuleordning?

Felles formannskap i Lesja og Dovre skal sjå på saka tysdag neste veke. Primært vil kommunane at Fylkeskommunen skal halde fram som skuleeigar og drivar, men sekundært ser ein på løysingar med friskule for dei to påbyggingsåra, gå det fram av saksutgreiinga.

- Fullverdig tilbod

-Både frå politisk og administrativt hald, og frå folkeleg initiativ i Dovre og Lesja, kjem sterke signal om at avgjerda i Fylkestinget i desember 2013 ikkje gjev godt nok tilbod til dei unge i desse kommunane. Det er bakgrunnen for at kommunane no vurderer moglegheita for å starte opp fullverdig treårig studiespesialisering på Dombås (.... )som ei utviding i høve til vedtaket i Fylkestinget. Målet er at kvaliteten på dagens tilbod skal oppretthaldast i forbetra utgåve, heiter det i saksutgreiinga.

Skiskyting og brett

Tilboda som er lagt fram som skisse, er studiespesialisering med programfag, men skisserer også kombinasjon med skiskyting og/eller brettkjøring, håndverksfag i samarbeid med Handverksskulen på Hjerleid, utmarksfag og yrkesfag som maskinfører.

Byggeleiing og prosjektering i mai

Anbod på prosjektering og byggeleiing er ute, med anbodsfrist 5. mai, kan plan og utviklingssjef Inge Angard på Dovre fortelje. Saman med representantar frå kommunane her og fylkeskommunen er det gjort ei rom- og funksjonsanalyse av nettoarealet ein vil trenge. Detaljering vil skje etter at tilboda er på plass, seier Angard.