Det kraftige regnvêret har dratt med seg jord og tre nedover skråninga, og sperrer for heile vegen, like ved der skogbrannen herja i fjor sommar.

Ved 12-tida på tysdag er det enno ikkje iverksett rydding på staden.

Slik ser det ut etter raset. Foto: Simen Rudiløkken

Ifølgje prosjektleiar i Innlandet fylkeskommune, Arne Ulheim, ligg det på vent.

– Vi ser an situasjonen, og vil kome med ei vurdering seinare i dag. Vi trur det kan kome fleire ras langs vegen, seier han.

– Vil det bli rydda i løpet av dagen?

– Det kjem an på vurderinga seinare i dag. Det er ikkje eit så stort ras, så det vil ikkje ta lang tid å rydde når ein først set i gang. Og det er gode moglegheiter for omkøyring, svarer Ulheim.

Umogleg å kome forbi. Foto: Simen Rudiløkken