I februar i år mottok Lesja historielag ei stor gåve. Dei mottok ein giro frå Ingrid og Magnus Jøndal på 100 000 kroner. Med giroen fylgde eit brev der dei gav uttrykk for at dei ønskjer å gje pengane som bidrag til bygging av ny bru ved Lorkvenne.

- Vårt bidrag

- Vi synest begge to at dei som har stått for arbeidet i Lorkvenna opp gjennom åra har gjort eit svært godt arbeid, seier ekteparet.

Dei ynskjer på ingen måte å framheve seg sjølv. Dette er deira måte å kunne bidra til arbeidet på..

- Ingrid og eg synes det er ei glede å få hjelpe til, seier Magnus.

Han er fødd og oppvaksen på Øverhaugen på Lora, der ein har utsikt til Lordalsmunninga.

- Eg har vore mykje i Lordalen og i Lordalsfjella. Det har betydd mykje for meg heile livet, Lordalen står høgt hjå meg, seier Magnus.

Til garden vart det kjøpt ei seter på Sausetre, ein stad som er viktig for Magnus.

Stor innsats

Paret vil gjerne få trekkje fram arbeidet som er gjort av eit godt mannskap, og særleg Odd Reidar Hole.

- Han har betydd kolossalt, og har drege i gang mykje godt også fleire andre stader. Vi vil takke Odd Reidar for alt han har gått framfor med i alle år. Vi vil takke han og mannskapet hass for alt som er gjort i Lorkvenne, seier dei.

Magnus kan hugse den gamle brua som var ved Lorkvenne, som vart teken av flommen i 1938. Han håpar han får oppleve at det kjem på plass ei ny bru ved Lorkvenne.

Klart for bru

Leiar i Lesja historielag, Oddvar Romundset, og primus motor i Lorkvenne, Odd Reidar Hole, er svært glad for gåva frå ekteparet Jøndal.

No har dei stor tru på at det skal gå an å gå tørrskodd over den nye utleggjarbrua før nyttår.

- Eg kan ikkje skjøne kva som skal hindre det no, seier Romundset.

Det var han som mottok gavebrev og giro frå Magnus og Ingrid, og han og Hole har levert blomster og stor takk til ekteparet for den gilde gåva.

- Det var heilt storarta, eg kunne ikkje forestilt meg at det var så mykje, seier Romundset.

Hole synes det er vanskeleg å ta i mot så rosande ord, men er svært takknemmeleg. Karane fortel at det er mange som har gjort ein stor innsats for å ta vare på den viktige lokalhistoriske staden.

- Her har det vore fleire tusen dugnadstimar, og det har vore mange her med god kunnskap og tilgang til godt utstyr som har bidrege, seier Hole.

Historielaget sitt arbeid med Lorkvenne starta rundt år 2000.

Kulturstig neste prosjekt

Ei ny bru har vore i tankane heile tida, og søknaden vart sendt til Lesja kommune i 2010. Det er mykje som har skjedd rundt brua den siste tida, og dei mellom 600 og 700 000 kronene brua kjem til å koste er no på plass. Med den nye utleggjarbrua ligg alt til rette for neste prosjekt for Lesja historielag. Ein kulturstig på begge sider av elva Lora, forbi Lorkvenne og Lorfossen, som tek for seg både geologiske og kulturelle stader langs vegen.

- Stigen skal bli slik at du kan koma fram både med barnevogn og rulle-

stol, fortel Hole.

Det har allereie vorte gjort mykje arbeid med stigen på begge sider av Lora, og det er gapahuk med bålplass ved Lorfossen.

Når brua er klar til opning vil det bli ei stor markering.

- Og vi kjem nok til å gjere stas på Magnus og Ingrid denne dagen også, seier to takknemtlege karar i Lesja historielag.

- Her kjem den nye brua, fortel Odd Reidar Hole (t.v) og Oddvar Romundset i Lesja historielag. Foto: Lokalavisa Vigga
Spora etter brua som vart borte i flommen i 1938 vises fortsatt. Foto: Lokalavisa Vigga
Slik ser teikningane av den nye utleggarbrua ut. Det er Jora bygg og laft som skal starte arbeidet i haust. Foto: Lokalavisa Vigga
Oddvar Romundset syner fram teikninga. Foto: Lokalavisa Vigga