I år har 57 cruisebåtar anløp i Åndalsnes, og for å spisse ei frå før eksklusiv opplevingsportefølje, der Trollstigen og Raumabana inngår, får gjester og rederi no tilbod om moskussafari på Dovrefjell.

Hilde Gråberg Bakke er sals- og marknadssjef i Cruise Molde-

Åndalsnes, og har stor tru på dette produktet.

Frå februar til oktober

Allereie i februar og mars kjem dei fyrste skipa med cruisetusistar seglande inn fjorden mot Åndalsnes, og Bakke er veldig glad for å ha fått med dette nye tilbodet til gjestane. Allereie no er ein manual for 2013-2014 ute hjå rederi og gjestar, og der ligg moskussafari inne som ei moglegheit til gjestene.

- Når kan dei fyrste cruiseturistane vera venta opp på Dovrefjell?

- Det kan dei i prinsipp allereie, men dette er langsiktig planlegging. Men det kan kome i gang allereie frå i år, seier Bakke.

Det fyrste cruiseskipet kjem 25. februar, og det siste kjem i oktober.

- Dette utviklar seg faktisk til ein heilårstilbod, og i løpet av ein sesong har vi 103 000 passasjerar i land; omlag 2000 i snitt på kvart skip, seier sals- og marknadssjefen.

Unikt og eksklusivt tilbod

Framleis vil hovuddelen av gjestene velje Trollstigen og Raumabanen, som også er unike tilbod, og som kan ta volum av reisande som overgår det ein eksklusiv moskussafari kan greie.

I ei verd der folk leiter fram reiser gjennom søkemotorar på nett, for å sy saman si eiga reise, ser Bakke det som ein fordel å toppe ei allereie spektakulær pakke, med moskussafari.

- Det er så unikt, einaste stad ein kan tilby dette i Norge, og svært eksotisk, seier ho.

Samarbeidspartnar til Cruise Molde-Åndalsnes i Dovre er Terje Rian i Mountain Experience.

- Det er veldig store ting, og artig for oss, seier Rian, som knyter til seg andre lokale aktørar ved behov.

Han er no med i Cruise Molde-

Åndalsnes som ein av 30 nye partnarar sidan 2011, og deira kontaktpunkt på Dovrefjell så langt.

Det er nokre få anløpsstille månader om vinteren som gjev rom for ny produktutvikling for sals- og marknadssjef Bakke. Dermed kan det vera ei sjans for andre lokale å få innpass hjå dei mange cruiseturistane.

- Ny sjanse til hausten, seier ho, og seier at stader som Villreinsenteret og Pilegrimssenter Dovrefjell kan vera noko å sjå på.