Her har han jobba tre -fire år før, og var ein av dei siste som gjekk ut av døra då Giax var ferdige. Sjølv om han er glad for tilbodet,  saknar  tryggleiken som var under Giax.

- Rammene er usikre no.

- Det er ingen her som veit kor lenge vi får vera, det er tre månader om gongen, seier han.

Han har forståing for at mykje må på plass, men likevel tykkjer han at det er enkelte ting som bør ordnast.

Løn har han ikkje, i avtala han skreiv under om aktivitetstilbod, var han gjeve køyregodtgjerdsle.

- Eg var forespeila ein månad, så vart det eit halvår, no har halvåret gått, fortel han.

Produserer mykje

Frå 1. september vart det avtala at han skulle få godtgjerdsle som på VTA-plass, fordi det då kom to til på tiltaksplass, med slik ordning.

- Det eg får no er 13 kroner i timen. Eg trur eg tener inn eindel på det eg lakkerer, så det kjennest ikkje heilt rett, seier han.

Han har heller ikkje opptening av feriepengar, eller arbeidsklede to gonger i året, som han hadde i Giax.

- Det er jo ikkje kronene eg er ute etter, men det bør bli fortgang i å få ting på plass, for alle som er der, meiner han, og legg til at meir stabil arbeidskraft skal ein leite lenge etter.

Flott plass

Då Brustuen jobba her under Giax, hadde han ein VTA-plass, og var fast ved lakkeringsavdelinga. Han arbeider framleis med det same, og skryter av ein flott gjeng som han trivs godt saman med.

- Det som er så godt med ein slik plass, er at ein kan yte etter evne - er ein dårleg ein dag, så gjer ein det ein kan, seier han.

Han føler at han er med å bidreg i samfunnet på denne måten. Tidlegare var det vanskeleg å gå ut. Eit spark i baken fekk han den gongen i gang på Giax - og det gjorde ein forskjell.

- Det forandra verda mi å starte der, seier han.

Reiser på jobb, uansett

No er terskelen for å bli heime utruleg høg. Det er heller nesten ingen som er sjukemeldt, og ein møter forståing for at det er dårlege dagar innimellom.

- Det er slik at ein går på arbeid, fordi ein veit at ein ikkje blir betre av å vera heime, seier han.

-Kan ikkje kommentera enkeltsak

Dovre kommune har formelt arbeidsgjevaransvaret. Plan- og utviklingssjef Inge Angard kan ikkje gå inn i ein diskusjon om enkeltavtaler, men har sjekka med lønningskontoret i dag, om utbetalingar skjer etter avtale.

- Justeringar er gjort frå 1. september, for å harmonisere med den ordninga som framleis eksisterar i Lesja (NAV-tiltaksplassar), og eg har ikkje funne feil ved dei utbetalingane som har skjedd, seier han.

- Det har heller ikkje vore teke opp med oss at det ligg føre slike feil, legg han til.

Rune Brustuen har aktivitetstilbod i Lesja Dovre Vekst:

- Får køyregodtgjerdsle

- Har ikkje fått arbeidsklede

- Opparbeider seg ikkje feriepengar

- Fekk tretten kroner i timen etter at VTA-brukarar starta i september

- Produserer varer Lesja Dovre vekst leverer til m.a. Giax Otta.

- Som ufør kan ein tene inntil 1G (Grunnbeløpet i folketrygda) i tillegg til trygda.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga