Hjelmaas hadde kontrakt ut året, forlenging skulle diskuterast i løpet av oktober. Partane samde om at Hjelmaas skulle gå på styremøtet, og han seier sjølv at han slutta 1. oktober.

Hjelmaas avviser at det ligg konfliktar bak avgangen, og styreleiar Jan Krokedal seier det ganske enkelt handla om avtala dei hadde med hotelldirektøren.

Oppstartperiode

Krokedal seier dei har hatt god hjelp i ei oppstartperiode, og at dei no føler dei er der dei skal vera. Dessutan skal Hjelmaas vera tilgjengeleg for hotellet heilt fram til jul. Direktørrolla blir ivareteke av eit arbeidande styre fram til nyttår.

- Vi har hatt ein fantastisk person i ei oppstartperiode, til å hjelpe oss godt i gang, seier styreleiaren.

I avtala med Hjelmaas har det ligge til grunn at han skulle vera på Dombås annakvar veke. No ser styret for seg ein meir "hands on" hotellsjef, som er til stades.

- Det er klart i funksjonen som hotelldirektør har han vore mykje på møte og har arbeidd også frå Haugesund, seier Krokedal.

Hjelmaas er busett i Haugesund, og seier det også var ein del av reknestykkjet.

Den tidlegare hotelldirektøren ønskjer hotellet lykke til vidare, og ser attende på eit spennande år, med flott utvikling ved hotellet.

- Hotellet har att ei fin utvikling, og det har vore veldig kjekt å få til. Eg trur Dombås Hotel kjem til å vera ei viktig hjørnesteinsbedrift for Dombås i mange år framover, seier Hjelmaas.