Vedtaket vart gjort samrøystes av Lesja kommunestyre torsdag kveld, og det er venta at Dovre vil takke ja til invitasjonen i sitt møte i juni. Dermed kan arbeidet med å greie ut ein framtidig, felles kommune ta til.

Desentralisert

- Det viktigaste er ikkje kvar ordførar eller administrasjonen sit, men kvar folk finn tenestene sine, seier Einar Utgård (Sp).

Han var glad for at punkta om desentralisert struktur er med i vedtaksteksta.

Ordførar Steinar Tronhus (Ap) tok også til rosande ord om Senterpartiet sin politiske verkstad då han hadde sitt innlegg.

Vedtaksformuleringa frå formannskapet vart i stor grad utforma frå Sp sitt framlegg.

Det var i det heile stor semje omkring vedtaketi kommunestyret torsdag kveld, og lite ønskje om å endre på noko i innstillinga frå formannskapet, sjølv om nokon sakna enkeltelement.

- Eg saknar meir om involvering av folk i kommunen, kva med folkerøysting? Men eg tenkjer at ein likevel skal utforme eit mandat i felles formannskap, slik at det kan takast i vare, seier Hanne Velure (H).

Elin Johnsson (Ap) ville presisere at dette er eit utgreiingsarbeid.

- Eg har fått reaksjonar frå folk, som oppfattar det slik at vi no skal slå oss saman, seier ho.

Ronald Kikut hadde fått med seg ordføraren i Dovre si lufting av å få også Folldalen med i falden.

- Då er det eigentleg berre for Lesja å ta attende anneksa sine, humra han.

Les vedtaket her (ei redaksjonell retting vart gjort i møtet, fyrste setning: ...i ein prosess for i fellesskap å utgreie ...)