Arbeidet med årets ungdomsmusikal er i gang for fullt. I helga var over 50 ungdommar frå dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen samla til den fyrste øvingshelga på Dombås. Før premiera i april står det att mykje arbeid. Handlinga i High School Musical er teke frå Disney-filmen med same namn. Filmen er omskreve til scenemusikal, og oversett til norsk.

Mykje arbeid

Det blir mykje å gjere, spesielt for dei vel 10 som har hovudrollene. Av desse står Gabriella og Troy i sentrum av handlinga i kjærleiksdramaet på skulen. Dei to er spela av Synne Vorkinn frå Lesja og Aronas Kavaliauskas.

frå Lillehammer.

– Eg var skeptisk, for det tek mykje tid, men ein får eit utruleg stort utbytte, seier Synne.

Aron er førebudd på å gjere skulearbeid både seint og tidleg. Båe to har erfaring frå scene frå før, men ingen har vore med på musikalen tidlegare.

– Det er mykje forskjel i musikalen kontra filmen, fortel Synne. Både ho og Aron såg på vidoar på Youtube etter fyrste øvingsdagen, for å sjå forskjellane mellom film-versjonen og scene-versjonen.

Generasjonsskifte

Det er eit generasjonsskifte i årets musikal, og prosjektleiar Kristin Haave fortel at gjennomsnittsalderen er under 17 år. Berre to av jentene har vore med før. Så ungt eit team har det aldri vore før, men både ho og regissør Arild Halvorsen trur det blir bra.

– Det var nett difor vi ville ha High School Musical, det er antageleg ein musikal som treff denne aldersgruppa betre, seier Kristin.

Fleire av dei som har vore med før, er no med som instruktørar.

– Det tykkjer eg er spesielt løyle, at ein kan bruke dei opp att. Ein treng ikkje støtt hente dei inn frå langt unna, seier Kristin.

– Ein kan skape arbeidsplasser, om det er berre ein liten prosent ei periode. Berre ein får dei inn i eit miljø, meiner Inger Synnøve Killi.

Ho er Dovre kommune sitt bidrag til musikalen. Kvar kommune stiller ein 12,5 prosent stillingsressurs disponibel i nesten eitt år. Det trengs for å få arrangementet til å gå rundt.

– Eg har mange henvendingar frå andre kommuner som vil kopiere modellen vår. Det krev blant anna at kommunene stiller opp med folk, fortel Kristin.

Frå grunnen

Regissør Halvorsen har vore med på fleire musikalar i Nord-Gudbrandsdalen tidlegare, og beskriv denne oppsettinga som å starte litt frå grunnen.

– Eg håper det bidreg til rekrutteringa seinare og, fortel han.

Han skildrar årets musikal som ein moderne versjon av Grease. Det er også eit skifte i instruktørteamet, noko Arild meiner er både bra, men samstundes litt skummelt.

– Fokuset vårt er å lage ei framsyning med mykje energi, og klare å framføre noko som er energisk og fargerikt. Vi har eit spesielt opplegg, det er ikkje berre å sette opp ei god framsyning, det er og alt rundt. Vi vil at alle som kjem hit på øving går glade frå her, seier Arild.

High School Musical-filmane er frå USA, og då er det naturlegvis «cheerleaders».