– Vi vil gjerne samle inn pengar til familiane som er utsendt, forklarar Ruth Karin Selsjord.

Etter at dei to familiane vart tvangsutsendt for nokre vekar sidan, har ei støttegruppe med foreldre ordna advokathjelp, og sendt pengar til Magdalena Igiesurohgoghomwen og dei tre ungane hennar.

Målet er å få dei tilbake til Dombås, med opphaldsløyve.

Samansett program

Dei to familiane står omtrent på bar bakke i Lagos og Benin City.

– Vi har hjulpe Magdalena med pengar til leilighet no, og det går ein del til advokaten. Vi håpar flest mogleg vil støtte opp om konserten, seier Selsjord, som lovprisar velvilja til folk som har stilt opp.

Rektor for kulturskulen, Inger Synnøve Killi, lovar eit variert program.

– Det er ein svært samensatt og god konsert. Publikum får blant anna ei generalprøvet av koret som skal synge i NasjonalparkSkriket, seier Killi.

I tillegg er det eit band og dansegrupper frå kulturskulen. Lene Marie Ulheim og Martine Haugen skal spele gitar og synge. Dovre skulekorps og bandet Eventuelt bidreg også, og for dei som vil støtte familiane ekstra blir det både loddsalg og kakesalg.

Ruth Karin Selsjord (t.v.) og Inger Synnøve Killi vonar mange tek turen til Dombås samfunnshus fredag. Foto: Lokalavisa Vigga