Vigga har skrive mykje om OL-deltakarar med lokalt blod i årene. I går fekk vi mange nye OL-deltakarar.

Flagg, bjeller, ansiktsmaling og innmarsj. Alle element var på plass da små og store i Lesjaskog barnehage arrangerte OL i Åkran. Alle kunne be med seg gjester for å vere heiagjeng.

Regn og dårleg føre la ingen dempar på stemninga. Det er mange flinke skiløparar i Lesjaskog barnehage, så langt det let seg gjere er dei på ski kvar dag vinteren i gjennom.

Mange greiner vart gjennomført, både langrenn, skiskyting,hopp og kulekjøring. Ekte seierspall med utdeling av gullmedaljer og diplom sette eit flott punktum for leikane.