Denne veka er Dovrebanen stengt på grunn av oppgradering av toglina. Dette får regionrådet for Nord-Gudbrandsdal til å reagere.

– Regionrådet er glade for at Jernbaneverket oppgraderer lina på Dovrebanen. Toget er ryggraden i vårt kollektivtilbod, seier regionrådsleiar Bengt Fasteraune i ei pressemelding.

– Vi registrerer at det i all hovudsak ikkje er sett opp buss for tog i haustferieveka. At det er oppsett buss for tog mellom Lillehammer og Åndalsnes er til liten hjelp for reisande mellom Oslo - Dombås og Trondheim-Otta. At dette også er planlagt i same tidsperiode neste år, bekymrar oss seier Fasteraune.

Regionrådsleiaren viser til at dette spesielt er vanskelig for reiselivet i regionen. Men også for innbyggjarane i regionen og studentar i Trondheim og Oslo gjev dette ein vanskelig situasjon.

NSB skil mellom offentlege og kommersielle ruter. Ruter som ikkje er innanfor såkalla «offentlige togavgangar» blir ikkje erstatta med buss ved planlagte sporbrot.

– Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal vil derfor be Samferdselsdepartementet om å kjøpe fleire «offentlige togavgangar» frå NSB på Dovrebanen, seier Fasteraune. Spesielt gjeld dette tidsperiodar som har næringsmessige konsekvensar.

– Haustferien er spesielt viktig for reiselivet i Nord-Gudbrandsdal, seier regionrådsleiar Fasteraune.