- Men alle får ikkje nå, seier Ola Erik Mølmen i Lesja kommune. Saka gjeld brev om tildelt adresse i Lesja kommune.

Han presiserer at alle skal få brev, og at dei arbeider fortløpande med å sende ut.

- Alle får ikkje brev samtidig, seier han.

Når brev om adressetildeling dumpar ned i postkassa di, har du ein høyringsfrist på tre veker. Vegnavna i Lesja vart vedteke av kommunestyret i 2010.

- Om du for eksempel flytter frå eit hus til eit anna på eit gardstun, eller frå eit hus til eit anna innan same postnummer så må du melde flytting i Folkeregistreret. Ellers vert adressa feil, presiserer Mølmen.

Altså, flytter du frå eit hovedhus til eit kårhus er det ditt ansvar å seie ifrå om det.