Denne veka deltok Martin Håkonsen Kvatningen frå Dombås/NTG på den fyrste fellessamlinga med Team Morgendagens Helter.

Samlinga føregjekk i Oslo, og med basistrening med Kjetil André Aamodt fekk utøvarane lagt lista tidleg i høve til kva som trengs for å bli ein toppidrettsutøvar.

Talentsatsing

Kvatningen er teke ut på talentutviklingsprogrammet saman med 18 andre stortalent innan seks greiner under Skiforbundet. Twintipstjerne Alexander Aurdal er Martin sin mentor, og er dermed ein av dei som skal hjelpe til med å lyfte fram Martin og de andre talenta til eliteklassa. Andre mentorar i programmet er Eldar Rønning, Mikko Kokslien og Sigrid Rykhus.

Mentor gjennom eitt år

Samlinga gjekk føre seg ved Toppidrettssenteret i Oslo, mellom anna fekk dei tildelt ein personleg mentor, som skal følge dei gjennom året som kjem.

- Dette var ei svært spennande samling. Nivået på talenta i år ser ut til å vera svært høgt, og vi ser fram til å trene og utveksla erfaringar saman i tida som kjem, seier mentor Eldar Rønning.

Talentene frå teamet i fjor har teke steget vidare; mellom anna twintipkøyraren Tiril Sjaastad Christiansen, som vann X-games og seniorverdscupen samanlagt i fjor. I år står 15 nye utøvarar med samme utviklingspotensial klare.

- Dette er eit prosjekt der ein får jobbe med nokre av dei største talenta i Norge. Det har tidlegare utøvarar synt. Dette blir ei spennande oppgåve for meg og dei andre mentorane, seier Aleksander Aurdal, som er ny mentor for freestyle-utøvarane.

- Spesielle talent

Sjølv om samlinga baud på tøffe treningsaukter og fagleg påfyll, fekk skikøyrarane også tid til leik og moro. Mellom anna fekk dei freiste fjellklatring, vasski og paintball. Alpinkongen Kjetil André Aamodt ser også fram til å jobbe med talentgruppa.

- Alle talenta er uttekne fordi dei har spesielt gode ferdigheiter og haldningar. Vi skal treffast fleire gonger gjennom året for å utveksle erfaringar, trene og gjera kvarandre betre, seier Aamodt, som er ambassadør for prosjektet.

I tillegg basistreninga til Aamodt, hadde Sigrid Rykhus og Mikko Kokslien fysiske aukter.