Arbeidet som skal gjerast langs jernbana  i Dovre denne veka, er utbetringar etter flaumen i vår, for det meste byte av stikkrenner, i følge Karlsen. Anleggsarbeidet akkurat her,  er det J.O. Moen på Åndalsnes som står for.

Heimesidene til Jernbaneverket opplyser at det på heile strekket skal brukast 150 millionar kroner, medan 450 personar er ute på jobb, mellom 21. og 28. oktober.

Den 22. mai i år vart Dovrebanen stengt i nesten éin månad på grunn av storflom. Det vart registrert mange punkt, der utvasking, utgliding, små og store ras hadde skadd sporet. Samla skadebeløp er i følge Jernbaneverket omlag 300 millionar kroner.

Mykje arbeid står att, og  difor er stenginga, som var planlagt mellom Eidsvoll og Tangen, vorte utvida i samband med fellesprosjektet mellom E6- og jernbaneutbygging.

- Slik får ein  til eit større trykk på flaumutbetringar medan toga står, seier kommunikasjonssjef Trude Isaksen i Jernbaneverket på heimesidene deira.

Mellom anna blir det sikring av fjellskjæringar, byting av masse der ballastpukken er forureina av jord, omfattande byte av stikkrenner, byte av sviller, byte av kablar. Dessutan nyttar ein høvet til vegetasjonsrydding og ordinære kontroll- og vedlikehaldsoppgåver, sier Isaksen, som understreker at det sjølv etter denne veka vil stå att mykje arbeid med flomutbetringar.