Rosina i pølsa er Vigga-bilen som i lag med kampanjen har rulla og gått på vegane i Lesja og Dovre det siste året. I slutten av juni vart ein endeleg vinnar av bilen trekt, og det var Mona Solli frå Lesja som vart den heldige.

Får el-bil i eitt år

– Eg vart heilt mållaus. Eg veit ikkje kva eg skal seie, sa Solli da Vigga presenterte ho med gladnyheita.

Både gleda og spenninga var i alle fall stor. Solli overtek no bilen i eitt år, ein heilelektrisk Citroën ë-C4, og blir truleg synleg på vegane i den raude bilen med Heimkjær-logoen på båe sider.

«Vinnarloddet» vart registrert hjå Joker Lesja, tysdag 7. desember i 2021 klokka 12:13.

Tysdag morgon fekk ho nyheita om at ho var den heldige vinnaren av elbil, og seinare på dagen var ho innom Vigga for å sjå på nettopp kva ho hadde vunne.

Solli er spent på å få prøve ein heilt ny bil. Foto: Simen Rudiløkken

– Dette var stor stas. Eg vart heilt overraska og har nesten ikkje klart å tenke på noko anna i dag. Eg har køyrd bensinbil, ein Toyota frå 2003, i «alle» år no. Elbil er heilt ukjend for meg, men eg gler meg til å bruke denne teknologien, seier Solli.

Ho har vore ivrig brukar av Hande Lokalt-appen, der ein finn blant anna Heimkjær-kampanjen. Ved å skanne QR-koden hjå dei ulike bedriftene som er med på kampanjen, blir ein med i trekninga av ulike premiar.

– Eg har vore ivrig til å bruke appen i periodar. Det er jo ganske lett å berre skanne koda når ein er innom butikken eller liknande. Det er bra å støtte lokalt næringsliv også, særleg når ein vinn ein så fin premie, seier Solli.

Heimkjær

Heimkjær er ei kampanje for å styrke fokuset på å bruke dei tilboda som finst i nærmiljøet gjennom ein felles dugnad med å synleggjere lokalt nærings- og kulturliv.

Heimkjær Lesja og Dovre vart sett i gang sommaren 2021, og hovudpremien det fyrste året er bruk av den flotte el-bilen Citroën ë-C4 i eitt år.

Vigga lokalavis er arrangør av kampanjen i samarbeid med sponsorane Sparebank1 Lom og Skjåk, Eidefoss, Skogen Bil AS og Lesja og Dovre Elektro.

Eit titals butikkar og andre bedrifter er med og byr fram «gratislodd» til sine kundar. Kampanjen fortsett til hausten, da med nye premiar i vente.