Grunnskular i Nord-Gudbrandsdalen får nå tilbod om å delta i aksjonen «Rydd eit kulturminne 2013». Dette skjer etter at det er inngått samarbeidsavtale mellom Regionrådet og Norsk Kulturarv.

Samarbeidsavtalen mellom regionrådet for Nord-Gudbrandsdal og Norsk Kulturarv vart underskrive onsdag.

Samarbeidsavtale

Dei seks siste åra har 396 skular over heile landet delteke i Norsk Kulturarv sin aksjon «Rydd eit kulturminne». 1.250 kulturminne er rydda i aksjonar som har engasjert 22.500 elevar.

I juni fekk Norsk Kulturarv to av Europa sine gjevaste kulturvernprisar for denne aksjonen.

Nå er det klart for ny aksjon i 2013. Aksjonen er landsomfattande, men denne gongen blir grunnskular i Nord-Gudbrandsdalen spesielt invitert til å delta. Dette skjer etter at det er inngått samarbeidsavtale mellom regionrådet og Norsk Kulturarv.

Ambassadørar

– Elevane skal rydde, skilte og lyfte fram kulturminne i sitt eige nærmiljø, seier regionsjef Ole Aasaaren. Han er glad for å ha fått på plass denne avtalen med Norsk Kulturarv. Regionsjefen meiner at dette er ein god måte å skape unge ambassadørar for stadeigne kvalitetar som bygdene er fulle av.

Prosjekta kan dreie seg om alt frå rydding av attgrodd utmark, minnesmerke og gamle råk, til skjøtsel av gravhaugar, gamle hustufter og forfalle bygningar.

Regionrådet støttar aksjonen med 45.000 kroner. Desse pengane er øyremerka skulane i regionen, og kjem i tillegg til midlar til aksjonen som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB NOR, Landbruks- og matdepartementet og Riksantikvaren.

Eineståande

– Nord-Gudbrandsdalen blir ein føregangsregion på dette området, seier direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv. Han kallar avtalen for eineståande og håpar fleire regionar følgjer dette eksempelet.

Bjørgen seier dei vil ta ein krafttak for å få med flest mogleg på aksjonen som fylgjer skuleåret 2013-2014. Invitasjon til aksjonen blir sendt ut i mars neste år. Allereie nå oppfordrar Bjørgen og Aasaaren fylkeskommunen, kommunane og skulane i regionen til å tenkje ut gode idear for prosjekt med å rydde kulturminne i sine nærområde.