TOM ERIK SOLSTAD / FJUKEN

Sparebankstiftinga DNB er ei uavhengig stifting som gjev pengegåver til allmennyttige føremål. Ein må søkje om å få tildelt pengar av Sparebankstiftinga, som har søknadsfrist og løyving av pengar til søkte prosjekt to gongar i året.

Banksjef Bjørn Warnaar i DNB Ringsaker, Lillehammer og Gudbrandsdalen, fortel at det kom inn 70 søknadar frå desse områda i denne runden. Av desse søknadane vart 22 innvilga, med ein samla sum på 5,2 millionar kroner.

Lesja speidargruppe

Ein av søkjarane som har fått søknaden sin innvilga er Lesja speidargruppe, og tysdag var éin av gruppa sine fleire speidarleiarar, Åge Tøndevoldshagen, på Otta for å få utdelt pengar under ei markering i regi av DNB. Speidargruppa på Lesja er tildelt 40.000 kroner til innkjøp av kanotilhengar og redningsvestar.

–Vi er på mange turar, og ved å få ein tilhengar vi kan køyre kanobåtar på vil vi bli meir mobile, og kan ta med ungane til fleire flotte vatn, seier Tøndevoldshagen.

Aktiv gruppe

Lesja speidargruppe er ei svært aktiv gruppe med mellom 55 og 65 ungar på medlemslista. Av desse er over 20 småspeidarar.

–Vi er stolte over at vi sjølv med stor ski- og skyteaktivitet på Lesja greier å drifte ei speidargruppe som faktisk er i noregstoppen, seier Åge Tøndevoldshagen.

– Søk om midlar

Banksjef i DNB, Bjørn Warnaar, tykkjer det er gledeleg å sjå at så mange søkjer om prosjektmidlar gjennom Sparebankstiftinga, og oppmodar lag og organisasjonar til å søkje også i framtida.

– Mange får realisert draumane sine gjennom stiftinga. Det er søknadsfrist to gongar i året, og det er i februar og september, seier Warnaar.