Bakvaktsordninga i Lesja og Dovre kan stå for fall. Det kom fram under felles regionalt formannskapsmøte på Otta fredag, då kommunalsjef i Dovre og leiar for 6K helse, Rune Pettersen, la fram evaluering av helsesamarbeidet i Nord-Gudbrandsdalen, saman med rådmann i vertskommunen Sel, og dagleg leiar for LMS, Vigdis Rotlid Vestad.

Ujamn vaktbelastning

Eit utval med kommunelegane og tillitsvalde for legane, saman med folk frå 6K helse og administrasjonen ved Lokalmedisinsk senter, skal no utgreie to alternativ, med og utan bakvaktsordning. Dette skal bli lagt fram for rådmannsutvalet i regionen 15. mai.

Det er usemje mellom legane tilknytt 6K helse, om ein skal halde fram med bakvaktsordninga. Bakvaktsordninga med den vaktbelastninga som er i dag, vil uansett ikkje halde fram, og ein må finne måtar å fordele vaktbelastninga betre mellom alle legane som er knytt til legevaktsordninga i Nord-Gudbrandsdalen.

Legane er kritiske til ordninga slik ho fungerer i dag, fordi det gjev svært stor belastning på legane i kommunar med bakvakt. Størst belastning opplever legeektepar i ordninga, og Dovre måtte nyleg i møte med sine legar for å sikre at dei ville halde fram. Det gjer at ein no leiger inn vikar til å ta vakter.

Evalueringa synte svært ulike vaktbelastning på legane i kommunar med bakvakt og utan, og desidert høgst kom Dovre.

Les meir i Vigga torsdag.