Korntørka i  mottaket på Otta har havarert og vil ikkje bli erstatta av eigaren Felleskjøpet Agri. Ottadalen Mølle vil ta over med leigedrift.

Dei fleste kornprodusentane i Sel leverer heller ikkje i dag til kornsiloen på Otta, men truskar rett i kontainarar som blir henta til kornmottaket i Vestnes i Møre og Romsdal. Nokre leverer til Trondheim.

Prisgjevne godt vær

- Det går så lenge det ikkje er for rått korn, då må det inn på tørke med ein gong, ellers går det klart. Ein skikkeleg rå haust er det ikkje sikkert dei vil ha det kornet på Vestnes. Vi tykkjer det er synd at tørka på Otta ikkje blir oppretthalde, særleg hvis ein tenkjer seg eit skikkeleg rått år, seier Bondelaget si kontakt i Sel, Hans Rødølen. Sjøl om det ideelle ville vore at mottaket heldt fram med å tørke, ser han at det ville kravd mykje.

- Det er klart, dei har reparert på den turka i mange år. Dei måtte truleg investert borti ein million for ny turke, og då skal det vel større kvanta til, seier han.

Les meir i papirutgåva av VIGGA.