I dag blar vi om til siste sida i almanakken og konstaterar at vi har kome til desember. Allereie no, undrar eg, og tenkjer attende på året som har gått og som forsvann så fort.
I avisa denne veka ser vi tydeleg at vi er inne i den siste månaden på året, og at jula nærmar seg med stormskritt. På både Bjorli og på Dovre har det vore tenning av julegran og flotte julemesser i helga. Der kunne ein boltre seg i alt frå rosavottar og pynteenglar, julekort og fotoakvarellar, til skrivabrød og rosettbakels. Også på Dombås og Otta har det vore julegateopning, og frammøtte på dei ulike arrangementa har kunne gleda seg over god underhaldning med skulekorps, musikkforening, trekkspel og taler. Rundt om sprang det smånissar med raude kinn og store smil og venta spente på om nissen ville kome ned gåver denne gongen òg.
Vi er inne i adventstida, ei tid med mykje glede, mange forventningar, men også mange tankar. Fleire av oss er ekstra sårbare i denne tida, og for mange er det ekstra viktig å ha familien sin rundt seg.
Dovringane Wenche Siljehaug og sonen hennar Tor Christer er av dei som set familien høgt. Sjuande desember for seks år sidan hendte det noko som førte til ei heilt annleis adventstid enn dei hadde forventa. Da vart Wenche utsett for ei stygg trafikkulykke som nær kosta henne livet, og som har endra livet hennar for all tid. Denne hendinga sette i gang mange tankar hjå dei begge, og Wenche fortel at ho om mogleg set enda meir pris på dei små tinga i livet no enn tidlegare. På side 9 i avisa i dag kan du lese eit rørande intervju med Wenche og Tor Christer.