Ikkje alle på lønningslista til Sel Lensmannskontor går i to sko. Liston er ein av tre politihundar som går på jobb i Gudbrandsdal politidistrikt.
Stillingsinstruksen går ut på å vera klar til arbeid på øyeblikket, og tittelen er patruljehund. I tillegg til oppdrag i eige distrikt, kan han også, i tospann med matfar Morten Haave, bli utkalla til store oppdrag ellers i landet.
Obama-vakt
På CV’en står for eksempel vakthald under presidentbesøket i Oslo i fjor.
- Stort sett greier Oslo seg sjøl, men når det er store ting over fleire dagar treng dei hjelp, seier Haave. Men det er ikkje presidentar eller andre store menn som gjer at Liston set snuten i lyngen på trening. – Det går kun på lyst, dette gjer han fordi det er gøy, seier Haave. Han har hatt fire godkjente hundar før, og Liston har no vore godkjent i to år, og er både patruljehund og lavinehund. Jobbane han får kan vera for eksempel sporsøk, slik som på treninga vi får vera med på, etter folk som har gått seg bort eller etter kriminelle. Då går han i line, med snuten i sporet, og kan finne både folk og ting folk har lagt frå seg. Eit par timar før treninga har nokon gått ut spor for dei, og lagt frå seg ulike saker. På cirka ein kilometer finn Liston alle fem tinga som er lagt ut, og ruta er fullført på eit kvarter. Ved kvart funn markerer han med snuten, og får løna si; ein gummiball i snor.