Møre og Fjordane heimevernsdistrikt (HV 11) skal denne veka ha øving i området rundt Bjorli. Det vert markørspel, der dei 150 HV-soldatane skal prøve å stoppe fienden før den kjem ned Romsdalen.

- Det vert ein del militær aktivitet på vegen, og ein del smell frå våpna. Vi skal prøve å vere mest mogleg utanom allfarveg, men det er ikkje til å unngå at sivilbefolkninga kjem til å merke noko, fortel major i HV 11, Terje Hole.

Hole fortel at HV-soldatane vil vere lette å kjenne att, men at også markørane som spelar fienden kjem til å vere ikledd ein form for militærtutstyr.

- Dei markørane som markerer fienden vil også bære våpen, fortel Hole, som presiserer at dette berre er eit spel.

Øvinga foregår kontinuerleg frå tirsdag til laurdag, med mest intensitet torsdag og fredag. HV-soldatane kjem frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.