- Vi er inne i ein sorgprosess no. Tre elevar, ein frå kvart steg, er borte, seier Magne Vorkinn, rektor på Dovre ungdomsskule.

Ingen frå skulen ønskjer å stille opp og gje ansikt til saka, men rektor fortel at det var mange som var svært prega av hendinga både tysdag og onsdag.

Pregar skulen

Dei har ikkje opplevd at  elevar ved skulen har vorte henta på denne måten tidlegare.

- Vi aksepterer at dei måtte reise, og forstår saka ut ifrå både mottaket og sentrale myndigheiter si side, men det er klart det pregar oss. For elevar som kjem til skulen og får høyre at dei har reist, utan at dei får sagt hadet eingong, seier rektor.

Tysdag var tilsette frå asylmottaket på plass i klasseromma på ungdomsskulen og barneskulen, for å orientere og svare på spørsmål frå elevane.

- Vanskeleg å forklare

Foreldre er også prega av hendinga - dei kjenner avmakt i høve til å forklare dette på ein fornuftig måte for ungane sine.

- Vi snakka om dette på foreldremøte i går, og vi er fortvila, seier Siw Anita Killi, ei av dei som har jamngamle ungar med to av dei som vart henta tysdag.

Ho bur også i nærleiken av mottaket, og har hatt jamnleg besøk ein av gutane.

Foreldra har også vore i kontakt med NOAS, Norsk organisasjon for asylsøkere, for å finne ut om det er meir dei kan gjera.

- Bad om utsetjing

NOAS rapporterer på si side om travle dagar tysdag og onsdag. Dei reagerer på at fleire nigerianske familiar har vorte sendt attende onsdag, sjølv om dei ved i alle fall fem av tilfella hadde inne begjæring om utsett iverksetjng av utsending.

- Det sto litt på hovudet her eit par dagar, medan vi freista å få utsett utsendinga. Vi opplever at UNE(Utlendingsnemnda) ikkje har teke omsyn til vår begjæring. Fleire av desse familiane kan vera aktuelle for den nye forskriftsendringa, seier Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i organisasjonen.

Torsdag sendte NOAS brev til Utlendingsnemnda, og bad om at utsending av familiar med barn som har vore i Norge lengre enn tre år blir stoppa, i påvente av ei ny forskrift, som er varsla i haust.

Ein av familiane som vart henta på Dovre mottak tysdag, hadde vore her i landet i meir enn tre år, og kunne difor vera aktuelle for ny handsaming under den nye forskriftsordninga.

Gjekk roleg for seg

Dagleg leiar på Dovre mottak, Tone Ødegård, seier det er viktig for dei å få ut informasjon om korleis ting gjekk føre seg tysdag.

- Vi har vore førebudd lenge, og det har også familiane vore.

Båe familiane har vore inne hjå Politiets utlendingseining (PU), og har hatt tilbod om å gå med på frivillig retur, seier Ødegård.

Dersom dei hadde gått med på det, fortel ho, ville dei fått med seg ein sum pengar, og ville fått oppfølging av IOM (International Organization for Migration) i seks månader.

- Ikkje ønskjesituasjon

Dermed hadde det vore klart ei stund, at familiane ville bli tvangsutsendt.

Likevel er også dei på mottaket prega av hendinga.

- Det er tøft å sjå politimenn stå med tårer i augene og seie at dette er slike dagar då dei hatar jobben sin, seier ho.

Likevel vil ho få fram at det heile gjekk føre seg på ein udramatisk og grei måte.

- Når det fyrst skulle bli slik, gjekk det stilt og roleg for seg. Politiet kom klokka halv seks, og dei andre på mottaket fekk ikkje med seg kva som var i ferd med å skje før ei av jentene skulle ta farvel med ei veninne, fortel Ødegård.

Ho seier det ikkje er ein ønskjesituasjon, og at ho er glad når folk tek frivillig retur fordi avreisa då går føre seg på ein meir verdig måte, mellom anna ved at barna kan ta farvel med venene sine og slike ting.

Det er fyrste gongen familiar har vore henta av utlendingseininga i politiet på denne måten, sidan mottaket vart oppretta i 2009.